Monavekst

Mona Vekst AS er ei av 240 Vekstbedrifter i landet. Bedrifta yter attføringstenester i Nordfjord og Indre Sunnfjord. Hovudbedrifta ligg på Sandane i Gloppen kommune og har avdelingskontor på Nordfjordeid. Bedrifta driv ein allsidig produksjon av varer og tenester for sal i lokalsamfunnet/ regionen.

 

Stillbildefilm 

 

brosjyre 1 brosjyre 2 brosjyre 3

"Vi skal gi tulipanen et så gunstig miljø at den blir så stor, vakker og velutviklet som den overhodet har muligheter til å bli, men vi skal ikke tvinge den til å bli en rose."

August W.W.Frøbel

 

 

Arbeidstakarane er personar som i ulik grad treng tilrettelegging og oppfølging for å delta i arbeid og aktivitet. Felles er at dei ikkje har noko anna tilbod om arbeid/aktivitet, verken gjennom kommunen eller NAV-systemet. Vi har også eit samarbeid med oppfølgingstenesta på Firda Vidaregåande skule.

 

Arbeidssenteret på Mona Vekst vart etablert i  2008, i eit samabeid mellom Mona Vekst AS og Gloppen kommune.

 

036038IMG 4567

 

Hovedmålsetjinga vår er at dei som arbeider på arbeidssenteret skal:

  • Ha ein dag fylt med meining og meistring
  • Få vere kreative, skapande og produserande
  • Få vere ein del av eit godt og trygt sosialt fellesskap 

 

ARBEID MED GLEDE

 

Arbeidsoppgåver og aktivitetar blir utforma i godt samarbeid mellom arbeidsleiar og arbeidstakar. Vi ynskjer å utvikle motiverande arbeidsoppgåver og aktivitetar for kvar einskild arbeidstakarar, men og å ta utgangspunkt i interesser og erfaringar arbeidsleiarane på avdelinga har. Vi tenkjer at med denne grunntanken vil arbeidsdagen bli meir lystbetont for både arbeidstakarar og arbeidsleiarar.

 

 

 

003008012

 

 

 

ARBEID - Vi er opptekne av at store deler av dagen skal vere fylt av arbeidsrelaterte oppgåver! Vi har rettar og plikter på lik linje med alle andre avdelingar på bedrifta. Produkta vi lagar skal vere salgbare, og noko vi stolt skal vise fram. Vi har mindre krav til produktivitet og inntening, og kan leggje til rette for at alle kan delta, og bruke den tida kvar enkelt treng på dei ulike arbeidsoppgåvene.

IMG 4548IMG 4568126

 

  • Pakkeoppdrag for BANO
  • NOMIL
  • Tekstil og handarbeid. Produksjon av smykker, kort og diverse handarbeid
  • Vedproduksjon - i samarbeid med treavdelinga på bedrifta, har vi eit lokale der vi kan drive med vedproduksjon i ein mindre skala. Mange av arbeidstakarane våre likar fysisk arbeid, og det er eit godt alternativ til det meir stillesitjande arbeidet vi driv med inne i salen vår.

IMG 0859

 

 

 

 

 

AKTIVITETAR - Sjølv om vi har eit sterkt fokus på arbeid, er det viktig å krydre arbeidsdagen med andre aktivitetar. Aktivitetar som skapar samhald og gode opplevingar for den enkelte.

  • Fysisk aktivitet - to dagar i veka har vi fokus på trening.
    • Bedrifta har eige trimrom i andre etasje i bygninga vår. Spinningssyklar, tredemølle, og vekter blir godt brukte.

      026040034

     

     

    • Friluftsliv. Dette er dagen alle må ut å gå ein kortare eller lengre ut uansett veir og føre!

 

pictogram 012 

 

 

 (Her frå ein tur til Tystadstøylen på Nordsida av Gloppefjorden)

 

 

 

 

137

Eidsfossen

            008 2             Hausttur i område rundt Kleivane
   
   
   

 Dans 066

 

Spontane Innfall

IMG 3243

             

 IMG 3245     
 IMG 3283 

IMG 3282 

 

Monabandet: Mona Vekst har sitt eige band. pictogram 007

Vi har øving 1-2 gongar i veka. Vi har eigen pianist, trommis, bassist og fleire solistar.

Vi spelar slagere av Olav Stedje, Steinar Engelbrektson, Vassendgutane m.m.

Er ein heldig får ein eigen bursdagssong spelt av bandet.

 

 

 

 

 

Julebordprogram:

Kvar haust byrjar planlegging og øving fram mot julebordet på bedrifta i desember. Vår avdeling står for underholdninga og siden 2008 har vi hatt større og mindre framføringar. Alle arbeidstakarar og arbeidsleiarar på Arbeidssenteret får roller ut frå sine ressursar pg interesser.

LISTE OVER FRAMFØRINGAR:

2008: Dramatisering av Rolf Just Nilsen sin slager "Julekveld i skogen"

2009: Dramatisering av forteljinga "Prinsesse Mona som berre sa Nei" Vi tok utgangspunkt i ei dame som vi kjenner som til tider berre seier nei. Kva ville skje om ho skulle velje kva avdeling på Mona Vekst ho ville å jobbe på?

2010: "Ønskekonserten"- dette var Monabandet sin store kveld der alle spelte eller song på eit eller fleire nummer. Vi skreiv mange helsingar til andre kollega på bedrifter som vi deretter knytta songane til. 

2011: "Filmaften"

2012: Ei vennskapshistorie. Frå september dette året byrja kollega på andre avdelingar å merke at ting forsvann frå avdelingane. Einaste spor var ein lapp der det stod: "har lånt, H". Det viste seg at det var Huldra som hadde vore på ferde, og ho hadde blitt kjent men Monamannen og ein i nabohuset til Mona Vekst- Eskimonika. Publikum fekk gjennom bileter, video og levande musikk og skodespel vere med på ei annleis vennskapshistorie.

2013: MonaQuiz- 

2014: Her vi lagde ei forestilling om korleis julekvelden ville bli, om alle arbeidarane på Mona Vekst vart stengt inne og måtte feire julekvelden ilag på grunn av styggeveir.

2015: Program til 25 årsjubileumet til Mona Vekst. Det vart feira på Gloppen Hotell. Denne kvelden feira vi Monabandet sitt 5 årsjubileum med både gamle og nye låtar.  

 

   IMG 3015  

 

 

 

Det kvite rommet - ein stad for avslapping og velvære

41 6 
0903 SNOEZELEN 017 0903 SNOEZELEN 024

 

Ideen bak det kvite rommet kjem frå Nederland der omgrepet Snoezelen vart utarbeidd på 1970-talet. Snoezelen er sett saman av verbet å snuse (å bruke ein eller fleire sansar aktivt for å få informasjon om omverda) og å døse (å få dempa noko av den sansepåverknaden som hjerna meir eller mindre konstant vert utsett for i kvardagen). Det kvite rommet vårt kan nyttast av alle som kan ha nytte av ei stund med avkopling og rekreasjon.

Dette rommet kan vi også ved interesse leige ut. Ta gjerne kontakt for å sjå/prøve rommet.

Åleine eller ilag med fleire. Pris pr. time (45 min): kr. 50,-

 

 

PRODUKTA  VÅRE: 

Vi er opptekne av at produkta vi produserer skal vere av god kvalitet og produkt som du kjøper ynskjer deg. produkta blir unike og ikkje to blir like.

Vi har vore heldige å få ein utstillingsreol hos Vereide Blomster på Sandane der du kan sjå og kjøpe nokre av produkta. kom gjerne innom bedrifta og sjå fleire produkt.

033IMG 3304

 

 

 IMG 3985

 

Kom gjerne innom for ein kikk på det vi har.

Vi har ope måndag til fredag 09.00-15.00.

 

Kontaktinformasjon:

Arbeidssenteret:

Telefon: 47 60 23 37 

E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Avdelingsleiar: Ina Therese Solvang 

Arbeidsleiarar:  Eli Berge Ravnestad og Terje Håheim