Monavekst

Mona Vekst AS er ei av 240 Vekstbedrifter i landet. Bedrifta yter attføringstenester i Nordfjord og Indre Sunnfjord. Hovudbedrifta ligg på Sandane i Gloppen kommune og har avdelingskontor på Nordfjordeid. Bedrifta driv ein allsidig produksjon av varer og tenester for sal i lokalsamfunnet/ regionen.

 

Stillbildefilm 

Mona Vekst er i anbodsperioden 2012 – 2014 tiltaksarrangør for NAV med Oppfølging i Nordfjord.

Oppfølgingstiltaket skal gje den enkelte deltakar individuelt tilrettelagt oppfølgingsbistand som er nødvendig for å behalde eller skaffe lønna arbeid, eventuelt gjennomføre eit arbeidsretta tiltak.

Oppfølging kan vare inntil seks månader. Tiltaket kan forlengast med ytterlegare seks månader, og ved særlege behov kan tiltaket vare inntil tre år.

Det faglege innhaldet tar utgangspunkt i metodar som styrkjer deltakar sine eigne ressursar og moglegheiter. Deltakar får tilbod om:

- Motivasjonsarbeid med arbeid som mål

- Rettleiing og råd knytt til arbeidsdeltaking. For personar med arbeidsforhold vil det også inngå rettleiing og råd til arbeidsgjevar.

- Opplæring i arbeidsrelaterte og sosiale ferdigheiter

- Bistand til jobbsøking

- Bistand til tilpassing og tilrettelegging av arbeid og arbeidssituasjon

- Bistand til praktiske oppgåver knytt til arbeid eller gjennomføring av tiltak

- Bistand av spesialpedagogisk karakter og annan fagleg bistand.