Monavekst

Mona Vekst AS er ei av 240 Vekstbedrifter i landet. Bedrifta yter attføringstenester i Nordfjord og Indre Sunnfjord. Hovudbedrifta ligg på Sandane i Gloppen kommune og har avdelingskontor på Nordfjordeid. Bedrifta driv ein allsidig produksjon av varer og tenester for sal i lokalsamfunnet/ regionen.

 

Stillbildefilm 

NAV kan tilvise personar til Mona Vekst for Arbeidspraksis for at deltakar skal få arbeidstrening på bedrifta for ein periode. Dei kan då nytte tiltaket Arbeidspraksis i skjerma verksemd og Arbeidspraksis i ordinær verksemd.

Arbeidspraksis i skjerma verksemd

Tiltaket skal bidra til å avklare deltakaren sitt høve til å kome inn på den ordinære arbeidsmarknaden. Gjennom perioden skal deltakaren få styrka sjansane til å kome i arbeid eller utdanning.

Tiltaket har ei tidsramme på inntil eit år. Ved enkelte høve kan dette forlengast. All innsøking til tiltaket skjer gjennom NAV. Medan personen er i tiltaket vert det samarbeidd tett med NAV og andre oppfølgingsinstansar.

Tiltaket inneber at deltakar gjennom Mona Vekst får:

- kartlagt sin motivasjon, ønskjer, interesser, ressursar og meistring

- varierte arbeidsoppgåver som gjev relevant arbeidserfaring. Våre avdelingar representerar eit stort spekter i arbeidsoppgåver med ulik vanskegrad

- opplæring og undervisning, td. truckopplæring og sosial trening

- etablert samarbeid med andre hjelpeinstansar ved behov

Ved avslutting av tiltaket vil Mona Vekst kome med ei tilråding overfor NAV om vidare tiltak, skule eller arbeid

I 2010 har Mona Vekst 9 plassar for Arbeidspraksis i skjerma verksemd