Monavekst

Mona Vekst AS er ei av 240 Vekstbedrifter i landet. Bedrifta yter attføringstenester i Nordfjord og Indre Sunnfjord. Hovudbedrifta ligg på Sandane i Gloppen kommune og har avdelingskontor på Nordfjordeid. Bedrifta driv ein allsidig produksjon av varer og tenester for sal i lokalsamfunnet/ regionen.

 

Stillbildefilm 

Mona Vekst har Varig Tilrettelagt Arbeid til personar med uføretrygd som ikkje får arbeid på den ordinære arbeidsmarknaden.

Arbeidstakaren er tilsett hjå Mona Vekst, og tiltaket er ikkje tidsavgrensa. Tiltaksdeltakar arbeider med produksjon og omsetning av varer og tenester på våre vdelingar. Arbeidsoppgåvene skal tilpassast den enkelte si yteevne.

Arbeidet skal bidra til å utvikle ressursar hos arbeidstakarane gjennom kvalifisering og tilrettelagte arbeidsoppgåver. Vi tilbyr så langt vi kan arbeidsoppgåver tilpassa den enkelte sine ynskjer og behov. Arbeidsleiarane gjev nødvendig oppfølging for at dei skal oppleve meistring.

Mona Vekst kan også gjere avtale med ordinære bedrifter om at våre arbeidstakarar kan utføre arbeidsoppgåver hjå dei.

Mona Vekst har 28 plassar for Varig Tilrettelagt Arbeid. Det er hovudsakleg personar frå Gloppen kommune som har sitt arbeid her, men her er også arbeidstakarar frå Eid og Jølster. Det er NAV som tilviser personar til tiltaket