Monavekst

Mona Vekst AS er ei av 240 Vekstbedrifter i landet. Bedrifta yter attføringstenester i Nordfjord og Indre Sunnfjord. Hovudbedrifta ligg på Sandane i Gloppen kommune og har avdelingskontor på Nordfjordeid. Bedrifta driv ein allsidig produksjon av varer og tenester for sal i lokalsamfunnet/ regionen.

 

Stillbildefilm 

Våre attføringstenester:

  • Varig tilrettelagt arbeid (VTA)
  • Arbeidspraksis i skjerma verksemd (APS)
  • Arbeidspraksis i ordinær verksemd (APO)
  • Arbeid med Bistand (AB)
  • Arbeidsretta rehabilitering (ARR)
  • Oppfølging
  • Avklaring

Bedrifta kan også tilby Arbeidsevnekartlegging og kurs i livsstilsendring saman med Libra Helse.

Vår produksjon av varer og tenester:

  • Vaskeritenester
  • Vedproduksjon
  • Jobbfrukt
  • Bilpleie/dekkhotell
  • Trevarer
  • Tekstilvarer

I samarbeid med Gloppen kommune driftar bedrifta eit Arbeidssenter. I tillegg arrangerer vi eldretreff og utfører ein del transport- og serviceoppdrag innan anlegg og renovasjon.

Du finn meir om våre attføringstenester og avdelingar på heimesida i venstre kolonne.

 

Kvalitetsikring og sertifisering

Bedrifta jobbar aktivt med å kvalitetsikre vårt arbeid og attføringstenester. Mona Vekst AS vart sertifisert som Miljøfyrtårnbedrift i 2009 og EQUASS sertifisert i 2011.

Meir informasjon om sertifisering finn du på www.EQuass.no og www.miljofyrtarn.no.