Monavekst

Mona Vekst AS er ei av 240 Vekstbedrifter i landet. Bedrifta yter attføringstenester i Nordfjord og Indre Sunnfjord. Hovudbedrifta ligg på Sandane i Gloppen kommune og har avdelingskontor på Nordfjordeid. Bedrifta driv ein allsidig produksjon av varer og tenester for sal i lokalsamfunnet/ regionen.

 

Stillbildefilm 

Tiltaksportefølgje:

Mona Vekst A/S vart etablert 21. november 1990 under namnet Mona Arbeidssenter A/S, med Gloppen kommune som hovudaksjonær. Selskapet vart etablert for Varig tilrettelagt arbeid, men har opp gjennom åra blitt tiltaksarrangør for stadig fleire attføringstenester:

1996: Arbeid med Bistand (AB)

2004: Varig til rettelagde arbeidsplassar, samanslåing av Mona Vekst AS og Sandane Industri L/L.

2004: Arbeidspraksis i skjerma verksemd (APS)

2009: Arbeidsretta rehabilitering

Produksjon/tenester.

Ved oppstarten i 1990 vart det produsert ved og tekstilvarer. På bakgrunn av lokal/regional etterspurnad av varer og tenester og behovet for å tilby varierte arbeidsoppgåver har bedrifta sin produksjon- og tenestetilbod vore i ei stadig utvikling:

1999: Vaskeritenester, utleige og vask av tøy til institusjonar, hotell og private

2004: Produksjon av trevarer, delproduksjon til møbel og trevareindustrien,+ eigne produkt.

2005: Bilpleie; vask og polering av bilar og dekkhotell

2008: Arbeidsretta aktivitetstilbod for Gloppen kommune

2008: Jobbfrukt, sal av frukt til arbeidsplassar og barnehagar i Nordfjord og indre Sunnfjord.

2009: Vedlikehald og stell av idrettsanlegg og bossplassar.

2010: Transportoppdrag, utkøyring av mat

2010: Aktivitetstilbod for eldre