Monavekst

Mona Vekst AS er ei av 240 Vekstbedrifter i landet. Bedrifta yter attføringstenester i Nordfjord og Indre Sunnfjord. Hovudbedrifta ligg på Sandane i Gloppen kommune og har avdelingskontor på Nordfjordeid. Bedrifta driv ein allsidig produksjon av varer og tenester for sal i lokalsamfunnet/ regionen.

 

Stillbildefilm 

Kvalitetspolitikk til Mona Vekst

Mona Vekst skal gjennom individuelle tilrettelagte arbeidsforhold legge grunnlag for personleg vekst og utvikling for mennesker med trong for bistand for å kome/vere i arbeid. Arbeidstilbodet skal vere basert på den enkelte sine forutsetningar og behov.

Mona Vekst skal vere ein triveleg og trygg arbeidsplass, med gode arbeidsforhold og høve for kompetanseutvikling for sine tilsette.

Mona Vekst skal vere ei attraktiv bedrift både for NAV og næringslivet i regionen. Organisasjonen skal vere endringsdyktig og tilpasse seg skiftande krav og endra forhold i arbeids- og samfunnsliv.