Monavekst

Mona Vekst AS er ei av 240 Vekstbedrifter i landet. Bedrifta yter attføringstenester i Nordfjord og Indre Sunnfjord. Hovudbedrifta ligg på Sandane i Gloppen kommune og har avdelingskontor på Nordfjordeid. Bedrifta driv ein allsidig produksjon av varer og tenester for sal i lokalsamfunnet/ regionen.

 

Stillbildefilm 

Visjon:

Vår visjon i vårt daglege arbeid er ”Arbeid med Glede

Forretningsidé:

Vårt motto er stadig å jobbe for å nå ”eit steg vidare” .

Verdiar:

Våre viktigaste verdiar er respekt, meistring og mangfold.

 

Formålsparagraf:

Selskapet sitt føremål er attføring. Oppgåvene er å kartlegge og avklare arbeidsevne, kvalifisere arbeidstakarar og tilrettelegge arbeid for personar som på kort og lang sikt ikkje kan gjere seg nytte av ordinære arbeidstilbod. I dette arbeidet nyttar selskapet eigne produksjonsavdelingar eller samarbeider med den ordinære arbeidsmarknaden.

Etiske retningslinjer.

Sjå link Yrkesetiske_retningslinjer_for_Mona_Vekst.doc